Melkemottaket er eit unikt utleigelokale. Delar av lokalet er uendra frå den tida det var melkemottak her. Lokalet har eit litt røft industripreg, og passar godt for grupper frå 15 til 50 personar.
Her vert det arrangert bedriftsbesøk, dåp, konfirmasjon, bryllup, kurs, selskap, konsert og mykje meir.
Det er kjøkken og utstyr for å laga mat. Me har og fasilitetar for lyd, lys og bilete. Me har 5 runde bord (max 8 stolar rundt) og eit langbord. Det går greit å dekka til 50 stk.
Det kostar 4.500,- for å leiga lokalet inkludert gulvvask og vask av toalett.
Leigetakar ryddar/tar oppvask, og vaskar bord/benkar (kan ordnast mot tillegg i pris)
Hvis det er ledig, og du vil rigga klar dagen før, eller rydda opp neste dag kostar det 900,-/dag
Kvite dukar 95,-/stk (7 stk)
Med omsyn for naboar, skal det vera heil roleg ute kl.2300 og de må forlata lokala seinast kl. 01.00
Dei fleste ordnar mat/servering sjølv. Me kan i nokre tilfelle laga mat til grupper på opptil 50 personar. Ta kontakt.
Ta gjerne turen innom for å sjå lokalet. Kontaktinfo finn du her.
Her kan du bla igjennom nokre bilete frå Melkemottaket: