Kok opp ein liter kraft på grønnsaksrestar. Smelt 100 g smør og rør i kveitemjøl til det er passe.- Spe med grønnsakskrafta. La det koka opp, og ha så i 3 dl mjølk, ein kopp gulrotskiver, to koppar brokkolibetar, ei lita teskjei salt, ein dryss pepar og litt timian. La det koka i 10 min. Riv så oppi 300 g Jærost mot slutten av koketida.
Server saman med nybaka brød.